Fire veker med naturopplevingar for livet

227 kilometer. 400 råsterke frivillige. 8934 høgdemeter. Over 100 timar direktesendt TV. Monsen minutt for minutt har vore eit eventyr.

Det var eit høgrisikoprosjekt heilt frå starten. Men etter år med planlegging, testing og meir testing, gjekk NRK, DNT, frivillige og resten av turfølget på rundt 200 personar inn til det endelege målet ved Europavegen i Galggojavri søndag ettermiddag. Det var med blanda kjensler Monsen tok dei siste stega på turen; 

-Det er nesten som eg går litt motvillig. Det har vore ein månad med fire heilt fantastiske turar. Masse blide ansikt heile tida, lange rekkjer med folk som ynskjer å leva ut turlivet. Eg sit att med ei kjensle av andakt, som er godt å kjenna på. Eg skal suga litt på denne karamellen no, sa Monsen til kamera

Høgrisikoprosjekt

Redaktør for sendinga i NRK, Rune Møklebust, er overvelda over deltakinga og engasjementet. 

– Heilt fantastisk. Mellom 200 og 600 har gått kvar einaste etappe. Eg trur det var flest med på Hardangervidda og i Vesterålen, fortel han.

Målsetninga til programmet har vore å gje friluftsinspirasjon og opplevingar til alle som ser på; 

– Den tredje veka var det 880.000 personar som såg minst eitt minutt på ei av sendingane våre. Det er fantastiske tal, avsluttar Møklebust.

Monsen hylla dei frivillige

Før siste etappe tok til frå Goldahytta søndag føremiddag, møtte Monsen dei frivillige. Totalt har 400 frivillige bore 350 tonn (!) med utstyr som må til for å få ein produksjon som Monsen minutt for minutt til å gå rundt. Tunge batteri, aggregat, mat, telt og anna utstyr. 

– Utan dei frivillige er det ikkje mogeleg å gjennomføra noko som dette. De står på og har mykje tyngre sekkar enn oss andre på ruta. Det betyr enormt at de gjer det så mykje enklare for oss. Tusen hjarteleg takk! sa Monsen til frivillige, dom bruker ferien sin på å gå for prosjektet. 

Inspirasjon til andre

I løpet av dei fire vekene på tur, har DNT og NRK svart på drøssevis av turspørsmål frå sjåarane i chatten. Monsen sjølv er sikker på at årets sakte-TV har lært, vist og inspirert fleire: 

-Det me har gjort desse vekene er å få ut masse naturglede gjennom TV-ruta, me har formidla den ekte norske friluftsånda, sjela vår. Eg er sikker på at rutene me har gått i år kjem til å få mykje besøk av  nye turgåarar neste sommar. 

Glimt frå Vesterålen

Glimt frå Jotunheimen

Glimt frå Hardangervidda

FAKTA: 

«Monsen minutt for minutt» lagt bak seg ein distanse på 226,9 kilometer.

Dei har gått oppover 8732 høgdemeter, nesten like mykje som opp på Mount Everest (8848 moh.).

Dei frivillige har bore 3,5 tonn utstyr for produksjonen og Lars Monsen har til saman gått 324.143 steg. 

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 6. august 2018