Jubileumstur til Vinjerock med DNT ung

Alltid god stemning og (nesten) alltid strålande vær på Vinjerock!
Alltid god stemning og (nesten) alltid strålande vær på Vinjerock! Foto: Marius Dalseg Sætre

Har du billett til Vinjerock, og ynsker du deg ei ekstra fin oppleving på veg til festivalen? DNT ung arrangerer jubileumstur til Eidsbugarden for deg mellom 18 og 30 år!

Høyr her, no skal me gjera noko du ikkje har visst at du alltid har drøymt om! Bli med DNT ung og tjuvstart verdas finaste festival med ein førfestival, og det i sjølvaste 150-jubileumsåret til DNT! Me skal nemleg gå oss til festivalstemning frå Gjendebu til Eidsbugarden. Er ikkje det ein jubileumstur verdig, så veit ikkje me.

Korleis få med teltet sa du? Eller festivalstolen og lysslynga? Slapp av! Alt dette vert frakta frå turstart ved Gjendesheim og til festivalen. Det einaste du treng å bere på turen, er ein lett sekk.

Alt i alt gjer du ein særs god deal! Prisen på overnatting og mat er berre 500,- for medlemmer, 600,- for ikkje-medlemmer.

– Uerfaren eller ikkje, dette vert garantert ein tur du seint vil gløyme! Under den fyrste overnattinga på Gjendebu, ei betjent hytte, får me trerettars middag og brukar resten av kvelden på å bli kjende med kvarandre. Etter ein dagsmarsj dag to kjem me til Olavsbu, ei sjølvbetjent hytte. Der lagar me middag basert på utvalet frå sjølvbetjeningslageret. Dag tre går me oss i festivalstemning og finn den beste teltstaden vel framme på Eidsbugarden, og dit kjem også utstyret frakta frå Gjendesheim. Eg kan ikkje sjå for meg ein betre start på festivalen, fortel Johanne Grue Reiten, leiar av DNT ung. 

DNT ung har turinfo på festivalen, reparasjonsbu i samarbeid med Bergans og arrangerer turar, kurs og delar av den populære multisport-konkurransen på Vinjerock. I tillegg deler DNT ung og Vinjerock ut den høgthengande Gnagsårprisen ​​​​​​​til den som er innom flest DNT-hytter på veg til festivalen.

Les meir og meld deg på turen til Vinjerock HER.

Siste del av turen går bratt nedover Mjølkedalen og langs Bygdin der tentipiane blir større og større etter kvart som me nærmar oss festivalområdet.
Siste del av turen går bratt nedover Mjølkedalen og langs Bygdin der tentipiane blir større og større etter kvart som me nærmar oss festivalområdet. Foto: Marius Dalseg Sætre

Dag 1, oppmøte på Gjendesheim

Me møtest på Gjendesheim måndag 16. juli, klokka 14.00. Der legg vi frå oss alt festivalutstyr som me ikkje treng på gåturen, dette vert frakta til Eidsbugarden slik at me slepp bera det. 

Dag 2, Gjendebu-Olavsbu (ca 15,5 km/5 timar og 30 min)

I dag går turen vidare til Olavsbu, som ligg storslått til ved foten av nokre av dei flottaste toppane Jotunheimen har å by på.

Dag 3, Olavsbu-VINJEROCK! (ca 12,8 km/5 timar og 30 min)

Siste turdag og festivalstemninga kjem nærare for kvart steg vi tek. Vel framme ved Eidsbugarden får vi levert utstyret vi sette frå oss på Gjendesheim, og jakta etter den beste teltstaden kan byrje.

Annonse