Skisesongen er ikkje over

Topptur i hjartet av Jotutunheimen i mai.
Topptur i hjartet av Jotutunheimen i mai. Foto: Elin Hansson

Ikkje pakka vekk skia enno? Lurt. I år er det sjeldan gode forhold for vårskiturar. 

2018 har vore eit år for historiebøkene. Ein må heilt attende til 1994 for å finna snømengder lik det me har hatt i år, rapporterer våre hyttevertskap. Snømålinga frå senorge.no viser framleis mykje blåtonar i kartet, og det betyr berre èin ting; Fantastiske forhold for dei lange lyse dagane på ski med sola i ansiktet!

Bli med oss på tur

Har du lyst til å gå på tur, men det er få vener som kan vera med? Bli med DNT på fellestur. Sør-Varanger turlag set kursen mot Øretoppen søndag 22. april. Er du gira på topptur, er dette turen for deg. Tre dagar i Ryfylkeheiene for deg som har gått litt topptur, og som ikkje søkjer etter dei brattaste bakkane. Gullfjellet ruvar 987 meter over havet. Bli med på dagstur 10. mai og opplev Bergen frå byens høgste fjell. Kryss av ein 2000 meters topp i Jotunheimen med saman med DNT Gudbrandsdalen. Rasletind er ein enkel og "snill" topptur.  

Alle våre turtilbod finn du som alltid i vår aktivitetskalender.

Fyll på med kunnskap

Det er ikkje berre turar du kan bli med DNT på. Du kan òg læra noko nytt, ved å melda deg på eit kurs. Kva er eigentleg skredfarleg terreng? Kva er ein skredprofil og korleis grev ein det? Stadig fleire av oss går i bratt terreng, og det krever meir kunnskap av oss. Saman med oss i DNT lærer du i felt med dyktige instruktørar. Etter kursdagen er over, er det sosialt med varm badstamp og trerettars på hytta.  Sjekk ut skredkurset som Gjendesheim inviterer til 20.-23. april. 

Opne hytter

Frister det å setja seg ved eit dekka bord og legga seg i ei oppreidd seng etter turen? Fleire av DNT sine betjente hytter held ope ei god stund enno. 

Med snøkledde topppar på alle kantar ynskjer Glitterheim deg velkommen til og med 22.april. Fleire av hyttene forlengjer vintersesongen heilt ut i mai! Gjendesheim held ope fram til 2.mai, og til og med 6.mai kan du nyta serveringa på Krækkja, Fondsbu og Geiterygghytta. Populære Finsehytta held ope til 21. mai, med et lite opphald frå 14. – 15.mai. 

Haukeliseter ved foten av Hardangervidda og Preikestolen Fjellstue i Ryfylkeheiene er som vanlig helårsåpne. I Oslomarka finn du prakthytta Kobberhaugen, open heile året, unntatt ein periode på høgsommaren. 

Hugs snøskredfaren

Uansett kva tur du skal gå, er det lurt å sjekka dei oppdaterte snøskred- og isvarsla på varsom.no. Snøskredfaren varierer frå sted til sted og kanskje fra dag til dag, så gjør denne sjekken på www.varsom.no til ein del av turplanlegginga di!


Frå lyng til snø og ei sol som varmar heile vegen. Her frå topptur til Kjølen i Troms.
Frå lyng til snø og ei sol som varmar heile vegen. Her frå topptur til Kjølen i Troms. Foto: Sindre Thoresen Lønnes.

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 16. april 2018