Daniel Kvammen går 20 mil på ski for å spela for DNT-gjestane

Følg i spora til Kvammen i påsken eller bli med på akustisk konsert på hyttene!
Følg i spora til Kvammen i påsken eller bli med på akustisk konsert på hyttene! Foto: Signe Luksengard

I påsken får DNTs hyttegjester ei ekstra oppleving på kjøpet: Akustisk konsert med Daniel Kvammen. Turen tek han for eiga maskin.  

Seks hytter, to fjellområde, 186 kilometer. Med fjellskia på og pulken lasta med gitar og konsertutstyr tek Daniel Kvammen fjellheimen fatt i påsken for ein heilt spesiell turné i Skarvheimen og på Hardangervidda.  

– Dette blir det råaste eg har gjort på lenge, seier Kvammen, som aldri før har gått ei rute som dette vinterstid.  

–  Noregs eigen luksus-takterasse 

Artisten fekk ideen til turneen då han gjekk tur på Hardangervidda i fjor:  

– Kvifor er det ingen som har turnert desse DNT-hyttene her oppe? Noregs eigen luksus-takterrasse. Verdas finaste plass! Dette oser jo av ei idyllisk konsertoppleving utan like. Rett inn i villskapen, fortel artisten.  

Turen tek han mellom anna i samarbeid med Den Norske Turistforening (DNT). 

– Å gå på ski frå hytte til hytte i påsken er tradisjon for mange, men det er også ein god del som ikkje har eit forhold til det. Heller ikkje Daniel Kvammen, og desto meir sporty er det av han å legga ut på dette. Å kunne tilby kveldskonsertar med ein av dei mest populære artistane i Noreg til hyttegjestene er ei kjempefin markering i eit jubileumsår, der DNT feirar 150 år med turglede, seier kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øinæs Habberstad. 

  

Går heile påsken

Daniel Kvammen går frå Geiterygghytta midt i Skarvheimen 25. mars, før han held siste konsert på Haukeliseter, sør på Hardangervidda, 1. april.  

Med på turen som bærar, vegvisar og sikkerheitsansvarleg, er AK Glück-Teigland, dagleg leiar i Hardanger åtgaum AS. Norsk Tipping er også med som samarbeidspartner. 

Totalt skal Kvammen halda 6 akustiske konsertar på ulike betjente DNT-hytter.  

– Me ynskjer Daniel Kvammen hjarteleg velkomen til Litlos og lovar å ta godt vare på han, slik me gjer med alle påskegjestane våre. Han skal få kortreist mat, ei varm seng å sova i og ikkje minst, få kjenna på den gode påskestemninga ein får i ei DNT-hytte på høgfjellet, seier vertskap Jarle Viskjer.  

SJEKK UT FACEBOOKARRANGEMENTET!

Her er ruta:  

Søndag 25.mars: Geiterygghytta, Skarvheimen 

Mandag 26. Mars: Finsehytta, Skarvheimen 

Tirsdag 27.mars: Krækkja, Hardangervidda 

Fredag 30.mars: Sandhaug, Hardangervidda 

Lørdag 31. Mars: Litlos, Hardangervidda 

Søndag 1.april: Haukeliseter, Hardangervidda 

For presse: 

For intervjuførespurnader eller spørsmål, kontakt kommunikasjonsrådgjevar i DNT, Mari Stephansen, på 48 45 05 26/ mari.stephansen@dnt.no

"Dette blir det råaste eg har gjort på lenge" fortel Daniel Kvammen.
"Dette blir det råaste eg har gjort på lenge" fortel Daniel Kvammen. Foto: Signe Luksengard

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 8. mars 2018