Aprilspøken som vart sann

SOME-kjendisen Einar The Frenchie prøver lukka ved Fondsbu.
SOME-kjendisen Einar The Frenchie prøver lukka ved Fondsbu. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Det starta som ein aprilspøk, men har for lengst blitt alvor. Å kle seg i grøn hue på tur er den enklaste måten å visa at du er singel på.  

1. april 2014 vart artikkelen "DNT innfører ny merking i fjellet" lagt ut på dnt.no. Det tok fyr i sosiale medier då saka vart posta på Facebook. Posten skapte eit engasjement me aldri tidlegare har sett på vår Facebookside. 

- Responsen var enorm og einstemmig: Folk syntes det var ein god idé. Me lytta sjølvagt til det og innførte sjekkefargar i fjellet. Raud hue om du er i eit forhold, grøn hue om du er singel og open for kontakt, seier kommunikasjonsrådgjevar i DNT, Margrethe Assev. 

Sidan den gong har grøn hue blitt eit uttrykk og ei merking dei fleste friluftsglade, single har høyrd om.

-Kler du deg i grøn hue på tur, vert du lagt merke til, og du sender ut signal om at du er tilgjengeleg.  Det er lurt å gå for ein anna farge om du ikkje ynskjer å bli sjekka opp,  seier ei leeande Assev. 

Fjelltur + sjekking = sant

DNT har lang tradisjon med å hjelpa folk med å finna kjærleiken. Spalta "Fjelltreffen", såg dagens lys i medlemsbladet Fjell og Vidde for over 30 år sidan. I dag lever den vidare på dnt.no og er den sida med desidert flest besøk. Heile 20 prosent av dei som besøker dnt.no, går vidare til Fjelltreffen, fortel Assev: 

-Me høyrer janmleg frå folk, unge og eldre, som saknar nokon å gå tur med. Ein er på ulike stadier i livet, vener er opptatt med familie, og då forsvinn naturlege turfølge– iallfall for nokre år. Via Fjelltreffen møter ein dei som ynskjer gå dei same turane som ein sjølv. Og om det skulle bli kjærleik ut av det, er jo det ein super bonus! 

Ein anna stad å treffa framtidige turvener og kanskje ein kjærast, er på DNT sine singelturar. Dette byrja foreininga med i 1988, og dei er svært populære.  Ein singeltur er som ein vanleg fellestur, berre hakket meir sosialt retta. 

-Me får tilsendt både bryllupsbilete og babybilete frå folk som har funne kverandre på ein av våre fellesturar. Det seier jo litt om kor god stemninga vert på tur, og kor lett det er å bli godt kjend med kvarandre når ein er i naturen, seier Margrethe Assev. 

-Gode odds for match

John Tore og Kristin Haugen er berre eitt av mange par som har kome i kontakt via noko så enkelt som ei hue. I 2014 var dei på Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim der dei begge, framsynt nok, hadde kledd seg i rett farge til dunjakkediscoen. 

– At det skulle gå på første forsøk hadde eg aldri trudd, ler Haugen. I dag er paret gift og bur saman med dottera si på Sunnmøre.

Psykolog Frøydis Lilledalen seier til NRK at det er mykje som skal klaffa for å finna ein kjærast på byen. Det er ikkje nødvendigvis lett å koma i kontakt med nye menneske på ein utestad, og ein av utfordringane er å klara å sjå kven som verkar tilgjengeleg. I så måte er det langt betre odds for klaff dersom ein kler seg i grønt på tur, meiner psykologen. 

Slik ordnar du merking: 

  • Arv frå ein ven som har funne lukka og dermed skifta til raud
  • Kjøp i nettbutikken vår
  • Strikk di eiga!


Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 1. april 2018