No vert medlemskortet digitalt

Det gamle medlemskortet i plast forsvinn, no får du medlemskapet rett inn på mobilen.
Det gamle medlemskortet i plast forsvinn, no får du medlemskapet rett inn på mobilen. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

DNTs medlemskort er frå 1. januar 2018 digitalt. Ynskjer du eit fysisk medlemskort må du kontakta DNTs Medlemsservice. 

Frå og med i år går DNT over til digitalt medlemskap. Med det forsvinn det fysiske kortet du til no har fått saman med rekninga for medlemskapet ditt. 

Men ikkje fortvil! Det er lett å få tak i eit gyldig bevis på at du er medlem i DNT. 

Slik går du fram: 

Betalte du medlemskapet for 2018 innan 15. desember fikk du automatisk ein SMS som fungerer som medlemsbevis. (Det fordrar at mobilnummeret ditt alt er registrert hjå oss. Dette kan du sjekka ved å logga inn på Min side).

Vala du har: 

  • Last ned medlemsappen vår: 

    Har du en iPhone eller Android-telefon kan du enkelt få ditt digitale medlemskort via appen "DNT Medlem". Medlemskortet viser òg tilknytta familie- eller husstandsmedlemmer. Fyrste gong du loggar deg på må du ha tilgang til internett. Etter dette fungerer medlemsbeviset sjølv om du ikkje har dekning.

    Appen kan du lasta ned her:

    Apple AppStore (for iPhone)

    Google Play (for Android-telefonar)

  • SMS: Klikk deg inn her og skriv inn mobilnummeret ditt. (tenesta krev at du allereie har registrert mobilnummeret ditt i vårt register)
  • Digitalt medlemskort: gå inn her for å få medlemskort på telefonen.

Ynskjer du eit fysisk medlemskort? 

Gå inn på dnt.no/medlemsbevis eller ta kontakt med medlemsservice: 40001870 / medlem@dnt.no

Som medlem støtter du arbeidet vårt med å vedlikehalda 540 hytter og merka 22 000 kilometer med stiar.
Som medlem støtter du arbeidet vårt med å vedlikehalda 540 hytter og merka 22 000 kilometer med stiar. Foto: André Marton Pedersen

Annonse

Skrevet av Mari Stephansen 15. januar 2018