Seier i Øystesesaken

Ørredalsfossen i Øystesevassdraget, Kvam.
Ørredalsfossen i Øystesevassdraget, Kvam.

–  I dag har regjeringa ivaretatt ei naturperle av dei sjeldne, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven. Det ble i dag klart at regjeringen avslår dei planlagte kraftprosjekta i Øystesevassdraget

–  Vi vil takka regjeringa Solberg for ei modig og ansvarleg avgjerd i saka. I dag har natur- og friluftslivverdiane sigra. Til trass for NVE si innstilling om ei full utbygging, så har regjeringa i dag gått inn for å ivareta Øystesevassdraget til glede for framtidige generasjonar, seier Helene Ødven.


Den Norske Turistforening og Bergen og Hordaland Turlag har engasjert seg for å ivareta dette området i over 30 år. Bergsdalen og Kvammafjella er eit fjellområde med stor verdi for friluftslivet lokalt, regionalt og nasjonalt. Øvre del av Øystesevassdraget inngår i eit større samanhengande naturområde med urørt preg. Området er befolkningsnært, lett tilgjengeleg, har store landskapsverdier, stort potensial for naturbasert reiseliv og ligg sentralt i høve Bergensregionen, Voss og Hardanger. I nedre del av vassdraget eksisterer det ei særs verdifull bekkekløft med raudliste artar, som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ivareta.


Stort folkeleg engasjement
–  Øystesevassdraget er en naturperle av stor nasjonal verdi, som er avgjørende å ta vare på. Derfor har DNT engasjert seg sterkt i denne saken også på nasjonalt nivå. Det er et fantastisk at vi nå har fått fullt gjennomslag ved at regjeringen nå har avslått alle utbyggingsplaner, sier DNTs styreleder Berit Kjøll.

NVE uttalte i 2006 at Øystesevassdraget har ”kvalitetar som klart kvalifiserer vassdraget til å vere ein del av Verneplan for vassdrag”. Avslaget til begge utbyggingsplanane betyr at vern kan vurderast på nytt.  Stortinget la vekt på betydningen av å ivareta større samanhengande friluftsområder då dei handsama friluftslivmeldinga i 2016.  Det har vore eit stort folkeleg engasjement i saka, og over 3000 har signert underskriftskampanjen for å ta vare på Øystesevassdraget.

Innsats nyttar

 –  Bergen og Hordaland Turlag har satsa stort på å gjera dette fjellområdet tilgjengeleg for publikum. Sidan 2006 er det opna fire nye turisthytter i Bergsdalen og Kvammafjella. Totalt er det seks hytter i dette området. Frivillig innsats bidrar til å vedlikehalde T-merka rutenett og hytter. Avgjerda i saka om Øystesevassdraget viser at frivillig innsats for natur- og friluftslivverdiar nyttar. Vi er svært glade for utfallet i denne saka. I dag har regjeringa bidratt til å ivareta ei naturperle av dei sjeldne, understreker Helene Ødven.


Her kan du lese vedtaket fra Olje- og energidepartementet.


Se filmen om dette flotte området:

Bevar Øystesevassdraget

 

For spørsmål, kontakt Helene Ødven, dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, tlf: 982 49 808, eller Katrine Gramnæs, samfunnskontakt, Den Norske Turistforening, tlf: 410 20 810


Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Terje Søviknes overbrakte selv nyheten om at de avslår utbygging av Øystesevassdraget. Her med (fra venstre) Andre M. Pedersen, Tore Johan Smith og Helene Ødven fra Bergen og Hordaland Turlag, og Venstres Terje Breivik (i midten bak)
Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Terje Søviknes overbrakte selv nyheten om at de avslår utbygging av Øystesevassdraget. Her med (fra venstre) Andre M. Pedersen, Tore Johan Smith og Helene Ødven fra Bergen og Hordaland Turlag, og Venstres Terje Breivik (i midten bak) Foto: Einar Sleire

Annonse

Skrevet av Mette Habberstad 28. august 2017