Sommardugnad på Grindaflethytta

29. juni - 1. juli var det dugnad, med vask av hyttene på agendaen. No er dei skinande reine, og er klare for å ta imot besøk!
Den spreke dugnadsgjengen gjekk frå Fyre til hyttene i nydeleg sommarvêr. Damene melder om at Øvsthusdalen var fin og frodig, vassføringa var høg i elvene og det ligg framleis ein god del snø frå Stangahøgda inn til hyttene.
I løpet av dei nydelege dagane til fjells vart hyttene reingjort, proviantlageret vart rydda og sengene byta på. Hyttene er med andre ord strøkne!
Framleis mykje snø i fjella
Me vil likevel anbefala å venta eit par veker med å gå til hyttene, med mindre du er budd på å gå på mykje snø.
Velkomen til fjells!
Helsing
Kjersti, Maja og Asbjørg