Sommardugnad på Tvinnestølen

Grete og Marta gjorde ein kjempeinnsats med reingjering av hyttene. No er me klare for mange sommargjester!
Grete og Marta gjorde ein kjempeinnsats med reingjering av hyttene. No er me klare for mange sommargjester! Foto: Arvid Rykke

17. - 19. juni var det stordugnad på Tvinnestølen - no er hyttene klare for å ta imot mange turglade sommargjester. 

Med den nye, flotte sikringshytta på plass er det meir enn nok å gjera for den ivrige dugnadsgjengen på Tvinnestølen. 

Grete og Marta kom opp fyrst og var allereie ferdig med storreingjering av selet då resten av gjengen kom til hytta fredag kveld. Hytta var varm og middagen stod klar på bordet - herleg luksus i kvardagen! 

Nytt solcelleanlegg
Resten av helga vart brukt til å reingjera sikringshytta, opprydding, klargjering av stien gjennom snøskavlen, samt montering av det nye solcelleanlegget. Me er svært takksame for dei ålmennyttige midlane me har fått frå Voss Sparebank til solcelleanlegg!

Heilt til slutt - hugs at Tvinnestølen er eit av turmåla i stølsturheftet. Ta deg gjerne ein overnattingstur med familien eller vener og nyt den nye hytta vår i storslått natur. Du kan enten førehandstinga seng på hytta, eller gjera som før - vitja hytta utan å tinga plass. Du er alltid velkomen og vil få plass på hyttene våre.

Velkomne! 

Helsing hyttestyret på Tvinnestølen
Arvid, Anders, Grete, Marta og Njål 


Skrevet av Margrethe Alm 6. juli 2022