Til Kaldavasshytta med sykling på returen

Kaldavasshytta badar i sol.
Kaldavasshytta badar i sol. Foto: Jostein Minde

Heitt julitips! Ta sykkelen med på toget til Upsete og rull nedatt til Voss etter turen til Kaldavasshytta. 

Jostein Minde parkerte sykkelen på Upsete og gjekk til Kaldavasshytta denne veka. I nydeleg vêr gjekk turen til Geitavatnet og vidare inn til hyttene. Han melder om ein del snø i fjellet, særleg frå Geitavatnet og vidare opp til hyttene, men snøsmeltinga går fort no! 

Attende til Upsete, tok han fram sykkelen og rulla nedatt til Voss, sjølvsagt med nokre badestopp på vegen. Vakre og krystallklåre Raundalselva byr på mange flotte badeplassar. Me viser til tur fire (Kulturløype på to hjul eigna for store og små)  i boka til Sveinung Klyve "Kremturar i Vossefjella". Her finn du nyttig informasjon om 20 kulturstopp mellom Upsete og Voss. 

God tur! 

Skrevet av Margrethe Alm 30. juni 2022