Sommardugnad på Volahytta

Foto: Frøydis Solbakk

Helga 24. - 26. juni var det sommardugnad på Volahytta. Hyttene er no klare for å ta i mot turglade gjestar!

I tillegg til vedlikehaldsarbeid og klargjering av hyttene, fekk dugnadsgjengen òg lagt ut alle bruene. Det er framleis mykje snø i området/høgfjellet, difor er det viktig å ha på seg godt fottøy for å kryssa små elver. 

Åtte av totalt atten senger på Volahytta kan førehandstingast. Du kan sjølvsagt også vitja hytta utan å tinga plass - du er alltid velkomen og vil få plass på hyttene våre.

Velkomen til Volahytta!

Status for vegen frå Brekkhus til demningen i Volavatnet

Status for vegen fram til og med 31 .juli
Vegen er no open for køyring opp til den nye betongbrua under demningen. Parker  i anleggsområdet før brua, men parker slik at Flage Maskin/BKK kjem ned til brakkeleiren med store lastebilar. I juli månad skal BKK fjerna brakkeleiren nede med elva. Frå «parkeringsplassen» går du over den nye betongbrua og følgjer vegen opp til toppen av demningen. Stien går på toppen av demningen og over denne. Du kjem då inn på den T-merka stien. Vi gjer merksam på at vegen frå Brekkhus er stadvis noko ujamn og har parti med ein del småstein i vegbana.

Status for vegen frå 1.august og fram til ny oppdatering vert lagt ut
Frå måndag 1.august vil Flage Maskin starta arbeidet med å rydda opp i anleggsområdet etter 2 års arbeid med forsterking av demningen. Når det er anleggsarbeid på staden får ein ikkje køyra inn i anleggsområdet. Dette vil bli skilta av Flage Maskin/BKK. Ein må då parkera på ein midlertidig parkeringsplass  ca 500 meter nedanfor demningen. Det går ein midlertidig T-merka sti over elva og opp til austre delen av demningen. Ved stor vassføring i elva kan ein følgja vegen opp til demningen. Vi gjer merksam på at det kan bli endringar etter kvart som oppryddinga skrir fram. Me oppdaterer informasjonen her! 


Skrevet av Margrethe Alm 29. juni 2022