Vegen frå Brekkhus til Volavatnet stengd

Volahytta 2020
Volahytta 2020 Foto: Kristian Østrem

Anleggsvegen frå Brekkhus til Volavatnet vil ikkje verta opna for bilkøyring før seinare på sommaren.

Dette på grunn av eit stort anleggsarbeid ved demningen. Det vil seinare i sommar bli opparbeid ein mellombels parkeringsplass eit stykke nedanfor demningen. Frå denne plassen vil det bli merka ein mellombels sti når så langt kjem. Det vert lagt ut ny informasjon på denne nettsida når vegen vert opna for bilkøyring. Elles er snøtilhøva så krevjande mellom demningen og Volahytta at tilsynet ikkje tilrår at ein nyttar denne tilkomsten. Spesielt vanskeleg er det når ein kjem frå Volahytta.

Enklaste tilkomsten til Volahytta er for tida frå Voss sentrum, Hanguren og Bavallen eller Afdal via Tvinnestølen. Eit framifrå alternativ er via hytta i Torvedalen. Det er mykje snø i fjellet så vurder kor du går sjølv på disse stiane, for snøen dekkar mange stader dei raude T-ane.

Bruene ved utløpet av Borgarvatnet og Piksvatnet er lagde ut. Sjå ei oversikt over kva bruer som er ute her.
På grunn av stor snøsmelting er det mykje vatn mellom brua ved utløpet av Borgarvatnet og landsida mot Volahytta. Her må du vada. Bruene ved demningen i Volavatnet er ikkje lagt ut. Brua ved austenden av demningen vil lagt ut seinare i sommar. 

Klare for storinnrykk

Hyttetilsynet for Volahytta var på hytta laurdag 27. juni og gjorde ho klar for sesongen. Med reine sengklede og nye puter er hytta klar for storinnrykk av turglade vandrarar. Den første gjesten etter dugnaden var ein som vandrar Norge på langs. Diverre er det mykje snø i fjellet som medfører større og mindre utfordringar for oss vandrarar.


Hugs smitteverntiltaka når du er på hytta.

Hyttetilsynet ynskjer alle velkomne til Volahytta og ei fin sommaroppleving i fjellheimen!

Helsing hyttetilsynet på Volahytta, 
ved Kristian Østrem

​​​​​​​

Les òg:

  • Torvedalshytta klar for opning
Volahytta 2020
Volahytta 2020 Foto: Kristian Østrem

Annonse

Skrevet av Siri Flatlandsmo 29. juni 2020