Kvistar ikkje til Grindafletene

Grindaflethytta, 21. mars 2020
Grindaflethytta, 21. mars 2020 Foto: Morten Samskott

Voss Utferdslag kvistar ikkje ruta Ljosanbotn - Grindaflethytta - Fyrde i år.


Grindaflethytta er i praksis stengt.

Grunna coronasjukdomen tilrår DNT og Voss utferdslag at hytttene tilknytt foreningen ikkje vert nytta. Hyttene vert ikkje låste. I praksis er likevel Grindaflethytta stengt grunna dei store snømengdene. Sikringshytta er fullstendig nedsnøa og det vil krevja mykje arbeid for å komma inn i hovudhytta også.


Me har avlyst alle fellesturar fram til 1. mai. Men me tilrår likevel folk å koma seg ut på nærtur i desse Korona-tider.


Velkomne til våren!

Grindaflethytta, 21. mars 2020
Grindaflethytta, 21. mars 2020 Foto: Morten Samskott

Annonse

Skrevet av Siri Flatlandsmo 23. mars 2020