17. mai-feiring på Gaustatoppen

Fellestur

Turdato
17. mai 2012 til 17. mai 2012
Vanskelighetsgrad
Middels
Nøkkelord
Fellestur, Topptur
Arrangører
Telemark Turistforening , Gaustatoppen Turisthytte
Turområde
(se kart)
Turkode
73/12
Dette arrangementet har allerede startet!

Å gå i 17. mai-tog til topps med det norske flagget på ryggsekken og feire nasjonaldagen på Gaustatoppen, har etter kvart blitt ein tradisjon.

 

Særlig etter at NRK TV for nokre år sidan hadde direktesending  derfrå i programposten «Glimt fra Norge» på 17. mai, med stor suksess og god marknadsføring av Telemarks høgste fjell. Om det blir direkte TV-sending frå Gaustatoppen i år er ennå ikkje avklara.

Turleder Jon Ingebretsen leder an 17. mai-toget til toppen også i år. Turen vil gå enten til fots eller på ski, alt etter verutviklinga framover.

Vel oppe venter ferske vafler med mer på Gaustatoppen Turisthytte og fantastisk utsikt over landet vi feirer i dag.  Elles byd vi på god 17. mai-stemning både undervegs og på toppen.

Det er noko heilt spesielt å markere nasjonaldagen for fjellandet Norge til fjells, og det attpå til på Gaustatoppen med utsikt til ein sjettepart av fedrelandet.

Tuddal Høyfjellshotell

Opplegget er eit samarbeid  med Tuddal Høyfjellshotell, som i år som i fjor har eit langhelgtilbod frå 16. til 20. mai, fordi 17. mai denne gongen er på Kristi Himmelfartsdag og mange tek seg fri heilt fram til helga. 17. mai-turen til Gaustatoppen vil vera eit tilbod til dei som er gjester på hotellet desse dagane. Men turen er sjølvsagt open for alle andre også.

Ønsker du kun en overnatting tilbyr hotellet 3-retters middag og overnatting fra 16.-17. mai inkludert frokost og matpakke 17. mai til kr. 900,- per person.

Oppmøte

Parkeringsplassen på Stavsro ved Stavsrohytta kl. 10.00, gjerne med utstyr både for fottur og skitur, for sikkerheits skuld.

Vel møtt på Gaustatoppen 17. mai!

17. mai-feiring på Gaustatoppen

Å gå i 17. mai-tog til topps med det norske flagget på ryggsekken og feire nasjonaldagen på Gaustatoppen, har etter kvart blitt ein tradisjon.   Særlig etter at NRK TV ...

Kontaktinformasjon:

Telemark Turistforening
Tlf. 35 53 25 55
E-post: telemark@turistforeningen.no

Annonse