Seniortur - Bremstølsvatnet-Svartavatnet

Fellestur

Dato
29. september 2021 kl. 10:00 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare.

Vi følgjer den fine stien på sørsida av Hellandselva opp til Bremstølsvatnet. Der tar vi ein kort pause før vi går vidare til Sundsstølen og derfrå innover mot Svartavatnet (777 moh). 
Ved Svartavatnet tek vi matpause i/ved den fine turhytta som er sett opp i eit samarbeid mellom Vardhaugselets venner og Kvinnherad kommune.

Det er ingen svært bratte stigningar på denne turen, men den er litt lang og har ein høgdeskilnad på ca 700 meter. Difor har vi sett turgradering til RAUD (krevjande) på turen. Men dersom du er i normalt god turform, vil det ikkje bli noko problem for deg med gjennomføringa, det vert lagt opp til eit moderat tempo.

Det er ein fordel med sko som tåler noko vått underlag.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:  Ved vassverket på Husnes kl. 10:00
  • Turkarakter: RAUD - Litt krevjande tur
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Helen Sandvik Røssland, Jan Helge Opsanger og Jan Martin Skaaluren
  • Vandringa:
    • Distanse: 13 km
    • Høgdeskilnad: 700 meter
    • Tidsbruk: 5-6 timar ved roleg gange, pausar kjem i tillegg

Seniortur - Bremstølsvatnet-Svartavatnet

Dersom det i 2021 vert vidareføring av smittevernreglar pga korona, vil vi leggja ut info om dette seinare. Vi følgjer den fine stien på sørsida av Hellandselva opp til Bremstølsvatnet. ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Martin Skaaluren
  • Tlf. 917 26 614

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Jan Martin Skaaluren
  • Helen Sandvik Røssland