Toppturhelg i Jotunheimen (Falketind og Uranostind)

Fellestur

Fra dato
31. juli kl. 12:00
Til dato
2. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Telt, Topptur, Jotunheimen, Fjellsport, Bretur, Klyving, Falketind, Uranostind
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjellsportgruppa i Kvinnherad
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Er du klar for ei opplevelsesrik toppturhelg i Jotunheimen med føring til Falketind og Uranostind? 

Dette er ein tur for den eventyrlystne, som har lyst å koma seg til topps på to av dei mest spektakulære og kjende toppane i Jotunheimen.

Vi finn ein veleigna camp/telplass i nærleiken av koldedalsvatnet ved ankomst Fredag kveld.

Lørdags morgon går turen via "normalveien" til Falketind. Her ventar utfordrande steinur, utsatte partier med sva og laus stein, brevandring og klyving mot toppen. For nærare turbeskriving, sjå: https://ut.no/turforslag/1110656/normalveien-til-falketind

Søndags morgon pakkar vi saman, før vi går avgårde til det som også er omtalt som den vakraste tinden i Jotunheimen - Uranostind. Turen kryssar Uranosbreen og går opp i skaret mellom Slingsbytinden og Uranostind. Der følgjer vi nordryggen i ur til den spektakulære hovudtoppen.

Mat: det vert handla inn real turmat til middag Fre-Søn og laga havregrynsgraut til frokost Lørdag og Søndag (inkl i prisen). Anna mat, som nistemat og evt kveldsmat må kvar enkelt ha med seg etter eigne behov og preferansar.

Transport: deltakarar må koma seg til Koldedalen sjølve, men vi prøver å organisera køyring med privatbilar.

Er du student kan du benytta deg av rabattkoden: student

Turleiarar vil ta kontakt med deltakarar i forveien av turen, men ta gjerne kontakt dersom det er noko du lurar på! 

Toppturhelg i Jotunheimen (Falketind og Uranostind)

Er du klar for ei opplevelsesrik toppturhelg i Jotunheimen med føring til Falketind og Uranostind?  Dette er ein tur for den eventyrlystne, som har lyst å koma seg til topps ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Benjamin Hus Ripel
  • Martha Sofie Teigen Varanes