Dale - Ramsfjell - Indre Eiane

Fellestur

Dato
12. september kl. 11:00 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Bratt, Fjordutsikt, Kulturlandskap, Fjellgardar, Ulendt, Ramsfjell
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)

Jøsenfjorden ut :  I løpet av to dagar kan du bli med på vandring Jøsenfjorden ut. Du kan bli begge dagane, eller berre ein.

Første etappe lørdag 12.sept : Dale - Ramsfjellgardane - Indre Eiane. 

Me startar nesten heilt inne ved bygda Jøsenfjorden, nærare bestemt på garden Dale, 120 moh. Me går oppover og utover.  Terrenget stig raskt og brutalt på opp frå Dale, her er det bratt på veg opp mot Indre Ramsfjell-garden som ligg 480 moh.

Derfra går ruta høgt og luftig frå gard til gard mellom desse tre legendariske Ramsfjellgardane. Desse veglause, fråflytta gardane ligg høgt og bratt over Jøsenfjorden, med mektig utsikt og kulturlandskap som fortel historier.  Indre Ramsfjell, Midtre Ramsfjell og Ytre Ramsfjell ligg som perler på ei snor, med fin sti i mellom.  Her var det rikt folkeliv og aktiv gardsdrift.  Siste garden blei fråflytta i 1955.   Alle gardane ligg på over 400 moh, med snauheia like bak tuna.  Me går innom alle tuna, og fortset vidare utover og bratt nedstigning ned til Indre Eiane, krysset mellom RV13 og fylkesvegen.

Oppmøte kl 11.00 Eiakrysset ved Indre Eiane, dvs krysset mellom RV13 og fylkevegen mot Jøsenfjorden. Her samordnar me bilar, og kjører inn til Dale. Oppstart frå Dale ca 11.15.

Terrenget er bratt opp og bratt ned, så ha på gode sko og gode klær og godt med mat og drikke.  Turen passar for dei som er turvandt og likar ulendt terreng. 

Dale - Ramsfjell - Indre Eiane

Jøsenfjorden ut :  I løpet av to dagar kan du bli med på vandring Jøsenfjorden ut. Du kan bli begge dagane, eller berre ein. Første etappe lørdag 12.sept : Dale - ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Svanhild Hjorteland Gbada