Rundtur om Middagsnuten og Skrenuten

Fellestur

Dato
16. juni kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangører
Kviteseid Turlag, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Bli med på oss på tur på gamle stigar på nordsida av Roholtfjell i Vrådal! Her får du fin utsikt og enda ein post på SjekkUt-appen! :D Vi startar på merka løype, og bøyar snart av på gamal tømmerslepe som tar oss til Styggedalen og rundt Middagsnuten. Turen fortsett på gamal stig kor vi passerer tufter etter Skardstaul. Stigning vidare til vi kjem opp til dei flotte Småtjønnan, før siste stigning opp til Skrenuten. Her kan vi nyte utsikta før vi tar oss ned att. Vi går forbi Krokodillesteinen før vi når Kartefure, og kjem ned att på merka løype. På veg ned tar vi ein liten avstikkar til Presttjønn. Her kan du registrere besøk på SjekkUt-appen! :D På denne turen kan du og registrer besøk på Postkassa og Langemyr som er turmål i konkurransen til Kviteseid kommune.

Turen er ca. 10 km, og vi reknar ca 3 timar med tillegg av pausar etter behov. Det er enkelte blaute parti, så det er greitt med gode sko.

Oppmøte på parkeringa ved skytebanen på Heia – mellom Vrådal og Kviteseid.

Velkommen på tur! Vi gler oss til å gå på tur med deg!

Annonse