Hundekjøring med Barnas Turlag Seljord

Fellestur

Dato
22. april kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Barn, Hundekjøring
Arrangører
Barnas Turlag Seljord, DNT Telemark
Dette arrangementet er over!

Vil du prøve å køyre hundeslede? Eller kanskje berre sitje på? 22. april har me sjansen saman med Haukeli Husky og Barnas Turlag! Gå ikkje glipp av denne flotte villmarksopplevinga ved Hardangervidda! Polarhundane elskar å springe og trekke, dei er glade, sosiale og lydige, dette blir moro!

Me møtast ved Haukeli Husky kl 11.00 (merk tidspunkt!), som er ca 10 minutts køyring frå Edland mot Arabygdi, spenner på skia og gjeng ein liten kilometer i lett terreng. Der lagar me bålplass, og byter på å bli med hundane på sledetur. Rundt 8 av ungane køyrer sleder av gongen ein runde på ca 15 minutt, nokon sit oppi sledane, og dei som vil kan prøve seg bak på meiane. Me tek omsyn til alder og ønske. Me held på så lenge utover dagen me ønsker og til ungane er fornøgde.

Medlemer Barnas Turlag: Kr. 30.- pr. person.
Ikkje medlemer: kr. 100.- pr person.
NB! Ha med kontantar i akkurat beløp.

Er ikkje barnet ditt medlem i Barnas Turlag? Medlemskap kostar berre 130 kroner, du kan melde barnet ditt (opp til og med 12 års alder) inn her: https://www.dnt.no/medlem/blimedlem/ Medlemskap inneber m.a. fordelar ved ein del av turane til Barnas Turlag rundt omkring.

Max 30 barn på denne turen - fyrstemann til mølla!

Bindande påmelding til Mirjam, sms 41228937 eller barnasturlag.seljord@dnt.no, seinast 20/4.

Ha med ski, varme klede, niste og drikke, sitjeunderlag og gjerne ein vedkubbe eller to.

Slik finn du lettast vegen med utgongspunkt frå Seljord hotell:
Følg Nordbygdivegen til Bygdaråvegen/E134 (6 min - 3,5 km)
Fortset på E134 til Edland (1 t 12 min - 80,9 km)
Ta Fv362 til målet (retning Arabygdi/Rauland)(12 min - 9,5 km)
Til saman 93,9 km / 1 t 30 min på godt føre, noko meir på vinterstid. God parkeringsplass.

Du kan lese meir om Haukeli Husky her; https://www.hundespann.no/#Home

NB! Atterhald om ver og føre. Oppdatert informasjon vil bli lagt ut på facebooksida til Barnas Turlag Seljord.

Annonse