|
EU-kommisjonens rapport tek opp skadane rundt alkoholbruk og peikar på at fyllekjøring påfører samfunna store tap. Difor ønskjer kommisjonen at den norske promillegrensa skal gjelda i heile Europa. I første omgang føreslår kommisjonen ei felles promillegrense på 0,5, men på sikt ønskjer dei same grense som i Noreg, 0,2 promille. |
|
Peter Anderson som på vegner av Alcohol Studies i England har skrive EU-rapporten om alkohol, konkluderer med at det skjer ei harmonisering når det gjeld alkohol i Europa. ”Dei som før drakk mest, har redusert forbruket, medan det no blir drukke meir i land som tidlegare hadde eit lågt alkoforbruk. Samtidig er fylledrikking på veg inn i Sør-Europa og eit kontinentalt drikkemønser grip om seg i nord. Skiljet mellom dei mest restriktive og dei mest liberale landa i vår verdsdel er blitt mykje mindre,” seier han. Friare tilgjenge til alkohol og auka ”alkoholpolitisk nivå” har skulda for auken i konsumet. Landa i sør heng etter når det gjeld alkoholavgifter. Berre vel halvparten av EU-landa har avgift på vin. Fleire land har innført ei målretta avgift på rusbrus, og har slik redusert forbruket ganske mykje. Anderson peikar på ei trend i retning av eit meir risikofylt alkoholbruksmønster blant unge i store delar av Europa. |
|
Den totale prislappen for alkoholbruken i EU-landa er rekna til 1000 milliard kroner, viser ein rapport EU publiserte i sommar. Rapporten er eit ledd i EU-kommisjonens arbeid med å utarbeida ein grundig strategi mot alkoholproblema i unionen. Europa har ein sentral rolle i den internasjonale alkoholmarknaden. Ein firedel av alkoholproduksjonen i verda kjem herfrå og halvparten av all vindyrkinga skjer her. I gjennomsnitt drikk folk i EU-landa 11 liter rein alkohol per vaksen innbyggjar i året, ein nedgang frå 15 liter for 40 år sidan. Det er ca 4,3 liter meir enn i Noreg. |
|
Les mer...
|
|
|
Fyll blant mindreårige i Storbritannia har tatt heilt av, og foreldre og politikarar har eit gigantisk problem å hanskast med. Livet til tenåringane er prega av lett tilgang både til pengar og alkohol. Undersøkingar viser at ein tredjedel av alle 14-åringar og halvparten av landets 15-åringar drikk regelmessig kvar veke. Kvart år blir over 1000 barn under 15 år lagt inn på sjukehus med alkoholforgiftning. Ei mor fortel at ein kveld på byen enda i tragedie og død for tenåringsguten hennar. Kjelde: TVNorge 10.09.06
|
|
Kilde: VG Nett 16.08.2006 Forskere ved International Agency for Reserch og Cancer i Lyon i Frankrike sier alkohol er en direkte årsak til at nesten 400 000 mennesker får kreft hvert år. Vi har påvist at det er en direkte sammenheng mellom alkohol og kreft i fordøyelsessystemet, lever og bryst. Vi ser at alkohol kan øke riskoen også for andre kreftformer, sier legen og forskeren Paolo Boffette. |
|
|
<< Start < Forrige 21 22 23 Neste > Slutt >>
|