Logo
Til DNT.no forside
Vindkraftbefaring i Egersund Vindkraftverk.

Naturvennlig energiproduksjon

Utbygging av fornybar energi som vindkraft, vasskraft og kraftlinjer har lagt beslag på, og øydelagt store areal med viktig og sårbar natur. DNT anerkjenner at verda treng ein omlegging frå fossil energi til fornybar energi for å redusere klimagassutslepp, men det må skje på naturens premisser.

Vi reddar ikkje klimaet ved å øydelegge naturen. Derfor jobbar vi for at Noregs energipolitikk skal bli betre samordna med miljøpolitikken. DNT sitt hovudmål for naturvenleg energiproduksjon er å hindre energiutbygging i intakt og sårbar natur, og redusere negativ verknad på viktige natur- og friluftslivsverdiar frå produksjon og overføring av energi. 

Kva meiner DNT?

DNT meiner at overordna politikk for alle konsesjonspliktige energisaker bør legge til grunn eit prinsipp om minst mogleg naturinngrep og miljøbelastning per produserte kWh. Det innebærer å:

  • Primært nytte grå areal til ny energiproduksjon og ikkje inngrepsfri natur
  • Satse sterkare på energieffektivisering
  • Talfeste nasjonale mål for energisparing
  • Prioritere kva prosjekt som skal få tildelt strøm
  • Styrke naturens rettsvern
  • Vekte verdien av intakte natur-, kultur-, - og friluftslivsområde høgare i vurderingar av fordeler og ulemper ved utbygging for storsamfunnet.
  • DNT er derfor aktive pådrivarar for meir naturvenleg energipolitikk og betre naturomsyn i forbindelse med mellom anna lovendringar, stortingsmeldingar, utarbeiding av forskrifter og rettleiarar og i enkeltsaker.   

Vindkraft

DNT meiner at vindkraftverk i viktige natur-, kultur-, og friluftslivsområder må unngåast. Vindkraft på land er den mest arealkrevjande energiforma. Det byggast om lag 800 meter anleggsvei pr. turbin, og kvar turbin krev oppstillingsplass på størrelse med ei halv fotballbane. Utbygginga vi har sett dei siste åra, er blant dei største arealinngrepa i norgeshistoria. Mykje av utbygginga skjer i urørte, sårbare naturområde, og i kuperte landskap. Det er transporten av turbindelar som leiar til dei største inngrepa i terrenget med sprenging og utfylling for å anleggje tilkomstvegar og internvegar, samt oppstillingsplassar for turbinane.

Arealinngrepa øydelegg sårbar vegetasjon, blant annet karbonrike myrer, skaper vandringshindre og fortrenger dyr, og utgjer ein særleg fare for fugl og flaggermus.Område med samanhengande urørt preg som ofte blir brukt til det enkle tradisjonelle friluftslivet går tapt. Fare for iskast gjer også områda utrygge å nytte store delar av året.  

DNT jobbar for betre rettsvern for naturen i overordna lovverk for vindkraft på land, blant anna gjennomkriterium for tidleg avslag og konsesjonstildeling, samt fornybarforskrift for vindkraft, solkraft og hybridanlegg.

Vindkraftpark i norsk natur.
Frå Egersund vindkraftpark.

Solkraft

Regjeringa har ein målsetting om å nå 8 TWH solkraftproduksjon innan 2030. Storleiken på bakkemontere vindkraftanlegg varierer frå 100 – 1500 dekar. Saman med anna tilhøyrande infrastruktur kan utbygginga potensielt beslaglegge betydelege areal og representere store naturinngrep. Fleire av anlegga må gjerdast inne og vil slik kome i konflikt med allemannsretten og friluftslivsverdiar. Men solkraft på bakken har også eit stort potensiale for å avlaste presset på anna fornybarutbygging som vindkraft på land. Derfor må rammevilkåra for solkraft i større grad styre mot meir naturvenleg utbygging. 

DNT meiner at solkraft bør lokaliserast primært i grå areal (eksisterande bygge- og anleggsområde),  at bakkemontert solkraft må innlemmast i plan- og bygningsloven med krav om reguleringsplan og at ein i størst mogleg grad må unngå inngjerding.    

Vasskraft og vilkårsrevisjonar 

Dei mest kjende miljøeffektane av vassdragsregulering er redusert vassføring, endra vasstemperatur, endra sedimenttransport og -kvalitet, og endra fiskevandring. Dette har negative effektar både for natur- og friluftslivsverdiar som endra landskapsoppleving, ferdselshinder, og negative sumverknader for naturmangfald og økosystemtenester.

Eit godt kunnskapsgrunnlag og relevante miljøvilkår må ligge til grunn for eventuell utbygging. DNT meiner at det bør vere standard med ei livskraftig minstevassføring i alle vassdrag når konsesjonsvilkåra skal reviderast. og at ein som prinsipp må unngå skadeleg effektkøyring. Vidare meiner DNT at det ikkje er grunnlag for omkamp om verna vassdrag.

Les meir om våre innspel i energisaker her: lenke til innspel og høyringar

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem